PureNRG

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

PureNRG er ei kristen popgruppe frå Nashville i Tennessee i USA. Dei har gjeve ut seks plater. Gruppa er blitt einig om å oppløysast seint i 2010.

Soge[endre | endre wikiteksten]

PureNRG blei skipa i 2007. Ho har tre medlemer: Jordan Ryan Yates (f. 3. desember 1993), Caroline Grace Elizabeth Williams (f. 3. januar 1995) og Laura Carolyne Joyce Myers (f. 21. juli 1995).

Caroline og Carolyne har kjent kvarandre sidan dei var tre år. Dei gjekk på same dansestudio. Jordan vart ein venn seinare, også igjennom danseskolen. Bandet vart danna igjennom ein audition dei var med på og namnet har vore bytt eitt par gonger. Det namnet dei har brukt lengst er «PureNRG». Andre forslag dei også hadde med var «G Kids», «G Force», «Kick Start», «Shamble Jam», «Crush», «Can-Do», «NRGx3», «NRG Times Three». Det finst mange musikalske likskapar mellom PureNRG og Jump5. Debutplata deira vart produsert av Rob Hawkins og vokalen vart produsert av Mark Hammond. Deira turnéleiar er Bradon Harges som var medlem av den tidlegare tenåringsgruppa Jump5.

2010 er avsluttingsåret til PureNR og ingen veit om dei nokon gong kjem til å koma saman som band for å ha konsert igjen. Grunnen til oppløysinga av gruppa er at medlemene treng meir tid til skole, vener, familie og andre hobbyar som interesserer dei. Dei stoppar likevel ikkje heilt med det dei driv med, gruppa har nemleg lova fansen å halda fram med musikk, dans og å fremje kristne verdiar.

Maskot[endre | endre wikiteksten]

Maskoten til PureNRG heiter Acadia. Acadia vart gjeve til gruppa av ein fan i Naperville i Illinois og er med på alle turar. Acadia har eit eige album på fansiden til PureNRG og det vert sagt at maskoten representerer PureNRG for dei dei er. Maskoten vart sett på som et fullverdig medlem av bandet med alle privilegia eit bandmedlem har. I september 2009 vart Acadia øydelagt i ein liten elektrisk brann mens bandet var på turné. Dei kjøpte inga erstatting.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • PureNRG (mai 2007)
  • Here We Go Again (april 2008)
  • A PureNRG Christmas (juleplate, september 2008)
  • reNRGized (, remix-plate, mars 2009)
  • The Real Thing (juli 2009)
  • Graduation: The Best Of PureNRG (juli 2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]