Pusan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pusan (au kalla Busan) (McCune-Reischauer: Pusan Kwangyŏksi, revidert romanisering: Busan Gwangyeoksi, hangul: 부산 광역시) er den største hamnebyen i Sør-Korea med eit folketal i 2005 på om lag 3,7 millionar. Han ligg søraust i landet i Nakdonggangdalen.

I 2002 var byen vert for Asialeikane og ein av vertsbyane for FIFA-verdscupen i fotball same år.