Quezon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biletmontasje med motiv frå Quezon

Quezon (filippinsk: Lungsod ng Quezon) er den meste folkerike byen i Filippinane. Byen ligg på øya Luzon, og er av ein av byane som til saman utgjer metropolen Manila, hovudstadsregionen i landet. Meir enn 2,7 millionar menneske bur i Quezon, som dekker eit areal på 166,2 km².

Byen vart grunnlagd i 1939 og er oppkalla etter Manuel L. Quezon, den dåverande presidenten i Filippinane. Quezon var landets hovudstad frå 1948 til 1976, og hyser framleis det nasjonale parlamentet, det såkalla representanthuset. Både det nasjonale universitetet, Diliman, og universitetet Ateneo de Manila ligg i Quezon. Byen Quezon ligg ikkje i provinsen Quezon, som også har namn etter presidenten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]