Manila

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Presidentpalasste Malcanang i Manila

Manila (tagalog: Maynila) er hovudstaden på Filippinane. Byen ligg på øya Luzon inst i Manilabukta. Med rundt 1,5 million innbyggjarar er han den nest største byen i landet, etter Quezon. Det er likevel den byen i verda der folk bur tettast, over 41 000 innbyggjarar per km2.

Manila er det økonomiske, kulturelle, utdanningsmessige og industrielle sentret på Filippinane.

Andre namn på byen[endre | endre wikiteksten]

Byen har ofte vorte kalla Orientens perle, særleg før kampar mellom japanske okkupantar og amerikanske styrkar øydela svært mykje av han under andre verdskrigen.

Det spanske namnet Insigne y Siempre Leal Ciudad klarte aldri å slå igjennom.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]