Røntgenmikroskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Røntgenmikroskop er eit mikroskop der ein nyttar røntgenstrålar i staden for vanleg ljos. Slike mikroskop vert dels nytta for å undersøkja stoff som slepp gjennom røntgenstråling, men ikkje ljos, dels fordi den kortare bølgjelengda til røntgenstrålinga gjev betre oppløysing. Då brytingsindeksen for røntgenstråling i dei fleste stoffa er særs nær 1, kan ein ikkje nytte linser. Forstørringa oppnår ein anten ved direkte projeksjon frå ei nær punktforma kjelde, eller ved refleksjon frå krumme speglande flater.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]