RISC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Reduced Instruction Set Computing (RISC) er ein prossesortype som i motsetnad til eldre CISC-prosessorar er baserte på nokre få, einfelde instruksjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I dei fyrste tiåra med datateknologi vart dei fleste dataprogram skrivne i Assembler, dvs. at programmeraren nytta seg av prosessoren sitt instruksjonssett direkte. På maskinvaresida førde dette til at dei som konstruerte prosessorar freista å implementera flest mogleg ulike instruksjonar som programmeraren kunne nytta seg av. Men etter kvart som det vart vanleg å utvikla programvare i høgnivåspråk som til dømes Pascal eller C, vart det klårt at det gjekk mot eit paradigmeskifte innanfor prosessorutviklinga. Det vart altfor vanskeleg å konstruera kompilatorar som kunne utnytta instruksjonssettet åt CISC-prosessorane optimalt. I realiteten var det berre eit subsett av instruksjonssettet som vart nytta av den kompilerte koden.

1980-talet vart det difor utvikla ei rad ulike prosessorar som nytta eit redusert instruksjonssett der berre dei mest vanlege instruksjonane vart tekne med. Når ein kvitta seg med dei lite bruka instruksjonane, kunne ein heller nytta meir plass til å implementera dei vanlege instruksjonane snøggare, til dømes ved hjelp av pipelining. Døme på RISC-prosessorar som såg dagsens ljos på 1980-talet er til dømes MIPS, Sparc og ARM. På 1990-talet gjorde Macintosh stor suksess med den RISC-baserte PowerPC-prosessoren som avløyste tidlegare Motorola 68000.

Dei aller fleste moderne RISC-prosessorar er 32-bits eller 64-bits, men det finst òg RISC-baserte mikrokontrollarar som er 8-bits, til dømes norskutvikla AVR frå Atmel.