Rakkestad Bygdeblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rakkestad Bygdeblad var ei avis som vart utgjeven i Rakkestad i Østfold. Redaktør for avisa var Carsten Lier, og avisa kom ut første gongen den 4. september 2002. Avisa vart utgjeven tysdag, torsdag og laurdag. Bygdebladet hadde 29 lokale eigarar, og stod utanfor dei store aviskonserna som eit sjølvstendig bygdeorgan med sterk lokal forankring. Avisa kom med sitt siste nummer 29. mars 2008.

Utmerking[endre | endre wikiteksten]

I 2003 vart Rakkestad Blad kåra til «Årets lokalavis» i Noreg av Landslaget for Lokalaviser.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2004 1 533
2005 1 545
2006 1 496
2007 1 417

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 2002-2004, 2005-2006, 2006-2007 2009-2010 Netto opplag for aviser knytte til Landslaget for Lokalaviser (LLA). Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Rakkestad Avis om nedlegginga av Rakkestad Bygdeblad, 28. mars 2008.