Østfold fylke
| Østfold fylke | ||
| Adm.senter | Sarpsborg | |
| Areal | 4 186 km² | |
| Folketal | 276 647 (1. juli 2011) | |
| Nettstad | www.ostfold-f.kommune.no | |
| Politikk | ||
| Fylkesordførar | Ole Haabeth, Ap (2007) | |
| Fylkesmann | Anne Enger | |
| Målform | Bokmål | |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | ||
|---|---|---|
| Østfold fylke på Commons | ||
Østfold er det søraustlegaste fylket i Noreg. Det ligg på den austre sida av Oslofjorden, med grense til Akershus i nord og vest og til Sverige og dei svenske fylka Värmlands län og Västra Götalands län i aust.
Østfold har seks byar: Askim, Mysen, Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
I vikingtida var området ein del av Vingulmark, som i sin tur var ein del av Viken og inkluderte Båhuslen. Det var delvis under svensk styre fram til Harald Hårfagre si tid.
Seinare, då Noreg var under dansk styre, delte den danske kongen området inn i mange len.
[endre] Namn
Det gamle namnet til Oslofjorden var Fold, og tydinga til Østfold vert då 'fylket aust for Oslofjorden'. Dette namnet har røter attende til 1543. I mellomalderen var namnet på fylket Borgarsysla 'fylket til byen Borg (i dag Sarpsborg)'.
Seinare (under dansk styre) vart fylket kalla Smaalenenes Amt.
[endre] Kommunar
| Nr. | Namn | Folketal | Areal km² | Komm.reg. |
|---|---|---|---|---|
| 0101 | 29 570 | 596,4 | Haldenregionen | |
| 0104 | 30 689 | 58,0 | Mosseregionen | |
| 0105 | 53 309 | 380,4 | Nedre Glomma | |
| 0106 | 75 571 | 285,9 | Nedre Glomma | |
| 0111 | 4 232 | 89,5 | Nedre Glomma | |
| 0118 | 1 425 | 282,3 | Haldenregionen | |
| 0119 | 3 511 | 367,8 | Indre Østfold | |
| 0121 | 690 | 159,1 | Indre Østfold | |
| 0122 | 5 200 | 187,9 | Indre Østfold | |
| 0123 | 5 358 | 134,6 | Indre Østfold | |
| 0124 | 15 070 | 67,6 | Indre Østfold | |
| 0125 | 11 082 | 231,9 | Indre Østfold | |
| 0127 | 3 616 | 100,9 | Indre Østfold | |
| 0128 | 7 679 | 426,1 | Indre Østfold | |
| 0135 | 7 003 | 105,3 | Mosseregionen | |
| 0136 | 14 677 | 69,8 | Mosseregionen | |
| 0137 | 4 707 | 239,1 | Mosseregionen | |
| 0138 | 4 912 | 139,6 | Indre Østfold | |
| Totalt | 276 647 | 4 186 | Østfold |
[endre] Klima
Vêret i Østfold er prega av ein viss terrengskjerming mot aust og at det ligg ope til mot Skagerrak og Oslofjorden i sør og vest. Den herskande vinden er frå nord til nordaust om vinteren og frå sør til sørvest om sommaren.
Middeltemperaturen varierer frå -3 til -5 °C i januar til 16–17 °C i juli. Om vinteren vil temperaturen ved kysten som regel kome opp kring –1 °C.
Årsnedbøren er stort sett 700–800 mm, med seinsommaren og hausten som den våtaste tida. På grunn av det høgareliggande terrenget i aust, fell det lite snø om vinteren, i tillegg til at mild luft frå sjøen ofte fører til smelting.
Fylket har ein god del tåke, særleg på hausten og vinteren, på grunn av nærleiken til sjøen.
[endre] Fotnotar
- ↑ Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
[endre] Kjelder
- Store norske leksikon, snl.no, «Østfold – klima» av Petter Dannevig
| Kommunar i Østfold | ||
|---|---|---|
| Aremark · Askim · Eidsberg · Fredrikstad · Halden · Hobøl · Hvaler · Marker · Moss · Rakkestad · Rygge · Rømskog · Råde · Sarpsborg · Skiptvet · Spydeberg · Trøgstad · Våler | ||
| Fylke i Noreg | ||
|---|---|---|
| Akershus · Aust-Agder · Buskerud · Finnmark · Hedmark · Hordaland · Møre og Romsdal · Nordland · Nord-Trøndelag · Oppland · Oslo · Rogaland · Sogn og Fjordane · Sør-Trøndelag · Telemark · Troms · Vest-Agder · Vestfold · Østfold | ||