Ralph Molina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ralph Molina (fødd 22. juni 1943) er ein amerikansk musikar og best kjend som trommeslagar for backingbandet til Neil Young, Crazy Horse.

Han var fødd i Puerto Rico og har vore medlem av Crazy Horse sidan dei vart danna i 1962 som Danny & the Memories. Han har spelt på alle dei 20 utgjevingane til bandet, med og utan Young. Trommestilen til Molina vert skildra som enkel, men med stødig rytme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]