Ramnefjellfossen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Ramnefjellfossen | ||
Ramnefjellfossen i Ramnefjellet Foto: Sindre Jacobsen |
||
| Stad | Stryn, Sogn og Fjordane | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Type | Hestehale, kaskade | |
| Totalt fall | 818 m | |
| Lengste fall | 600 m | |
| Midla breidd | 23 m | |
| Tal på fall | 3 | |
| Elv | Utigardselva | |
| Status | Ikkje regulert | |
| Verdsrangering | 12. høgaste i verda. | |
Ramnefjellfossen (òg kalla Utigardsfossen eller Utigordsfossen) er den fjerde høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Han ligg ved Nesdal i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Fossen er ein del av Utigardselva som renn ned frå Ramnefjellbreen like ovanfor. Fossen får derfor jamn tilførsel av vatn, men har ikkje større volum enn at han ikkje har vorte utbygd for vasskraftproduksjon.
Fossen har eit totalt fall på 818 meter, fordelt på tre fall. Det lengste fallet er om lag 600 meter, noko som stundom vert oppgjeve som den totale høgda på fossen. Det totale fallet inneheld både kaskadefallet frå enden av Ramnefjellbreen og kaskadefallet nedanfor hovudfallet.