Randesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Randesund er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke. I dag er området eit prestegjeld som utgjer den søraustlege delen av Kristiansand kommune.

Kommunen vart oppretta i 1864 då han vart skilt ut av Randesund sokn frå Oddernes. I 1965 vart Randesund saman med Tveit og Oddernes innlemma i Kristiansand kommune.

Namnet kjem av norrønt rǫnd, 'rand', opphavleg brukt om Randøyane, som ligg så tett at dei dannar ein kant mot havet utanfor.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«Randesund» i Store norske leksikon, snl.no.