Reclaiming

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Reclaiming er både eit rituelt fellesskap og ei politisk aksjonsgruppe. Medlemmene arbeider for miljøvern både ut frå det perspektivet at det handlar om å verna jorda («vår felles mor - Den Store Gudinna»), og fordi dei andre artane vi deler jordkloden med har krav på respekt.

Reclaiming legg i si deltaking på demonstrasjonar og politiske aksjonar vekt på å styrka dei ikkjevaldelege aspekta og fremja det åndelege perspektivet hjå deltakarane og publikum. Gruppa har mellom anna aksjonert for trua skogar, og var aktive i demonstrasjonene mot WTO i Seattle hausten 1999.

Reclaiming skal politisk passa for dei med ein anarkistisk grunnholdning saman med respekt for Gudinna. Reclaiming er kjent for å omfatte både menn og kvinner, men blir ofte identifisert med sin berømte teoretikar Starhawk som har forfatta mellom anna «The Spiral Dance».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]