Regine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dronning Agnes av Ungarn omtalt som Domina Agnes Regina.

Regina og Regine er kvinnenamn av seinlatinsk opphav. Det tyder 'dronning', og svarer til kongenemninga Rex.

Regine Olsen var den store kjærleiken til Søren Kierkegaard.

Regine har norsk namnedag den 7. september. Regina har dansk namnedag 5. september, svensk, polsk og tsjekkisk namnedag 7. september og endå ein polsk namnedag den 21. november. Heilage Regina er ein katolsk helgen som levde på 200-talet. Festdagen hennar er den 7. september.

Regine er ei tysk og nordisk form av namnet. Régine er ei fransk form. Avleidde namn er Raina, Regan, Reggi, Reginette, Reginia, Reina, Reinette, Rejine, Reyna, Rina, Riona og Rionagh.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Regina har vore brukt om Jomfru Maria og om ulike europeiske dronningar. I tider då Storbritannia har ei regjerande dronning er nemninga på krona, til dømes i rettssaker, regina.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Regina kan ha fleire tydingar: