Dronning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Regjerande dronning)
Gå til: navigering, søk
Victoria av Storbritannia var ei mektig regjerande dronning.

Ei dronning kan vera kona til ein regjerande konge, eller sjølv vera den regjerande monarken i eit land. Ektemannen til ei regjerande dronning er derimot ikkje ein konge; han har andre titlar, som prinsgemal (dansk) eller prince consort (engelsk). Mora til ein regjerande monark som ikkje sjølv har formell makt blir ofte kalla dronningmor.

I praksis er ikkje skiljet mellom ulike dronningar absolutt. Ei inngift dronning har ofte fått mykje makt over kongen, medan ei enkjedronning kan ha herska heilt eller delvis etter å ha mista mannen sin, ofte på vegne av ein mindreårig son. Dronningar kunne oppnå makt ved hjelp av eige evner eller på grunn av slektskap, ettersom dei i tidlegare tider gjerne kom frå kongelege familiar i andre land.

Også dronningar utan mykje innverknad på samfunnet rundt seg er blitt sett på som symbol for landet eller kongsmakta. Marie Antoinette, den siste dronninga før den franske revolusjonen, er eit døme på dette. Ho blei sett på som lettsindig og fjerna frå folket, og blei avretta som ein forhatt representant for monarkiet.

Arverett til dronningtittelen[endre | endre wikiteksten]

Dronning Margrethe av Danmark blei regjerande dronning ved eit unntak.

Tidlegare har stillinga som regjerande dronning gjerne vore eit unntak; dei fleste dronningane var det på grunn av mannen si stilling. I dag har derimot mange av dei gjenverande europeiske monarkia arvelovar som seier at kvinner kan arve trona på lik linje med menn, og Danmark, Nederland og Storbritannia har ei dronning som statsoverhovud. Etter at den norske grunnloven blei endra i 1990 fekk kongelege av begge kjønn lik arverett på trona.

Annan bruk av ordet[endre | endre wikiteksten]

Dronningtittelen er blitt overført til andre område, mellom anna dyreriket, der viktige kvinnelege insekt i eit insektsamfunn kan bli kalla «dronning». Dette gjeld særleg bier og maur.

I vestleg sjakk blir den mektigaste brikka òg kalla «dronning», medan den viktigaste, men meir hjelpelause brikka blir kalla «konge».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dronning

Kjelder[endre | endre wikiteksten]