Reisande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reisande jenischefolk gravert på 1400-talet.

Reisande kan visa til nokon som er på reise, til dømes ein pilegrim, ein turist eller ein handelsreisande. Omgrepet kan også visa til fleire grupper av folk som har reise som livsstil; slike samfunn finn ein ei rekke stader i verda. Nomade er eit nærskyld omgrep som i større grad er knytt til folk som vandrar med husdyra sine.

Reisande i Europa[endre | endre wikiteksten]

Skandinaviske reisande[endre | endre wikiteksten]

I Skandinavia finst fleire grupper reisande som kallar seg romanifolk. Dei er blitt omtala av fastbuande mellom anna som fantar, tatrar, skøyarar eller splintar.

Britiske reisande[endre | endre wikiteksten]

Reisande i engelsktalande land blir gjerne omtala som travellers eller gypsies (som eigentleg viser til sigøynarar). Døme på folkegrupper er dei engelske romanichals og irske paveefolk.

Kontinentaleuroeiske reisande[endre | endre wikiteksten]

I tyskspråklege land bruker ein uttrykket fahrendes volk både om sinti og jenischefolket.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.