Remember the Alamo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Remember the Alamo» er ein song skriven av visesongaren Jane Bowers frå Texas.[1] Bowers fortel soga om dei siste 180 soldatane i slaget ved Alamo og nemner fleire kjende folk som kjempa ved Alamo, mellom anna den meksikanske general Santa Anna og texanarane Jim Bowie, William Barrett Travis og Davy Crockett.

Tex Ritter gav først ut songen som B-side til «Gunsmoke» i 1955. Det var den første songen i kataologen hans og musikkselskapet til Johnny Bond, Vidor Publications. Ritter si innspeling vart nytta i filmen Down Liberty Road året etter. Sjølv om songen aldri vart ein hitsingel og ikkje i starten vart lagt særleg merke til i visemiljøet, har han sidan vorte spelt av mange viktige vise- og countryartistar.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

The Kingston Trio[endre | endre wikiteksten]

The Kingston Trio møtte Jane Bowers medan dei spelte konsertar i Austin i Texas seint i 1950-åra. Dei spelte inn fleire av songane hennar, mellom andre «Remember the Alamo». Songen vart gjeven ut med noko anna tekst på albumet deira At Large i 1959 og nådde til slutt førsteplassen på albumlista i USA.

Johnny Cash[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1960-åra spelte Johnny Cash inn «Remember the Alamo» med den originale teksten til Tex Ritter. Han nytta òg andre instrument enn the Kingston Trio og la til ein militær trommerytme og svulstig korvokal. Songen kom ut på samleplata Ring of Fire: The Best of Johnny Cash i 1963, som òg nådde førsteplassen i USA.

Remember the Alamo
Singel av Donovan
frå albumet What's Bin Did and What's Bin Hid
B-side

«The Ballad of a Crystal Man»

Utgjeve April 1966 (UK)
Innspelt Mars 1965
Sjanger Folk
Lengd 3:04
Selskap Pye Records
Låtskrivar(ar) Jane Bowers
Produsent Terry Kennedy, Peter Eden, Geoff Stephens
Donovan-kronologi 
«Josie»
(1966)
Remember the Alamo «Sunshine Superman»
(1966)


Donovan[endre | endre wikiteksten]

Den skotske visesongaren Donovan spelte inn «Remember the Alamo» med ei blanding av både teksten til Kingston Trio og Tex Ritter for debutalbumet What's Bin Did and What's Bin Hid i 1965.

Sjølv om han aldri hadde vitja USA var Donovan særs interessert i den amerikanske folketradisjonen. Han tok bort all korvokal, militære trommerytmar og militant gitarklimpring og song berre songen med akustisk gitar som akkompagnement. Tidleg i 1966 var Donovan framleis i rettstrid mellom det første plateselskapet hans, Pye Records, og det nye selskapet Epic Records. Under striden gav Pye Records ut «Josie» som singel, utan løyve frå Donovan, men singelen gjorde det dårleg. Ikkje lenge etter tok Pye Records «Remember the Alamo» frå What's Bin Did and What's Bin Hid og gjorde han klar for singelutgjeving i Storbritannia. Songen hadde «The Ballad of a Crystal Man» som B-side og kom ut i april 1966 (Pye 7N 17088). Singelen vart raskt trekt attende frå marknaden kort tid etter utgjevinga, på grunn av den pågåande rettstriden, og gjekk aldri inn på listene.

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er John Otway og Wild Willy Barrett, Asleep at the Wheel, George Strait og Willie Nelson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jane Bowers' obituary, arkivert frå originalen 4. november 2016, henta 10. mars 2011