Retezatfjella
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Retezatfjella er ein av dei høgaste fjellkjedene i Romania og ein del av Dei sørlege Karpatane. Den høgaste toppen er Peleaga (Vârful Peleaga) med ei høgd på 2509 meter over havet. Andre høge toppar er Păpuşa (Varful Păpuşa) og Retezat (Vârful Retezat).
Retezatfjella har mange bresjøar, inkludert den største bresjøen i Romanai, Bucura (lacul Bucura), som dekkjer 8,9 ha og ligg 2030 meter over havet. Området inneheld òg Retezat nasjonalpark, den første nasjonalparken i Romania.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Retezat på SummitPost
- Retezat nasjonalpark
- Kart over Retezat
- Jiudalen
- Retezat - bilete og informasjon på tsjekkisk
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Retezat Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2008.