Retoromansk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Retoromansk
(Rumantsch, rumontsch, romantsch)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Italisk
  Romansk
   Retoromansk
Bruk
Tala i: Flag of Switzerland.svg Sveits
Retoromansktalande i alt: 35 000[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: rm
ISO 639-2: roh
ISO 639-3: roh
Wikipedia på retoromansk

Retoromansk høyrer til dei romanske språka. Det blir i dag tala i somme område av den sveitsiske kantonen Graubünden. Ved folketeljinga i 1990 var det 66 356 menneske som sa dei tala retoromansk regelmessig, og 39 632 av desse hadde det som hovudspråk. I 2000 hadde litt færre, 35 100, retoromansk som hovudspråk.

På grunn av at mange stader og dalar i kantonen var svært avstengde før i tida, utvikla det seg ulike dialektar av språket, og det kan delast i fem undergrupper som går frå vest til aust. Gruppene blir kalla sursilvan, sutsilvan, surmiran, puter og vallader.

Kvar av desse fem idioma har utvikla eigne skriftspråk. Retromansk under eitt er sidan 1938 det fjerde nasjonalspråket i Sveits, men vart lite bruka av det offentlege. I den nye forbundsforfatninga frå 1999 fekk språket rang som landsspråk. Med det har det vorte likeverdig med dei andre språka i landet; tysk, fransk, italiensk og tysksveitsisk teiknspråk. Det har vore fleire freistnader på å lage eitt einskapleg skriftspråk for alle som talar retoromansk, men dei slo lenge feil, fordi ein stor del av brukarane såg ein fare for sitt eige mål i det.

Det siste forsøket på å lage eit slags standardspråk for alle retoromansktalande kom etter krav frå målrørsla Lia Rumantscha. Tiltaket fekk namnet Rumantsch Grischun, på norsk graubündenromansk etter namnet på kantonen. Sidan 1982 er dette sams skriftspråket offisielt skriftspråk for kommunikasjonen med den retoromansktalande folkesetnaden. I august 2003 vedtok kantonparlamentet at alle læremiddel for retoromanskspråklege primærskular etter kvart skulle gå over til dette samnemnarmålet. Til da hadde skulebøker vorte gitt ut på alle fem variantane. I tillegg vart standardspråket etter det innført som offisielt skulespråk i Müstairdalen (Val Müstair).

Dei siste ti åra har retoromansk opplevd ei viss styrking. Det var til dømes viktig at Microsoft Office kom i retoromansk utgåve frå hausten 2005.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]