Fransk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Fransk (français) |
||
| Klassifisering: | Indoeuropeiske språk italienske |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | Frankrike, Belgia, Sveits, Canada samt 48 andre land | |
| Område: | Vest-Europa, Nord-Afrika og Nord-Amerika | |
| Fransktalande i alt: | 173 000 000 | |
| Rangering: | 13 | |
| Skriftsystem: | Latinsk | |
| Offisiell status | ||
| Offisielt språk i: | Frankrike, Belgia, Sveits, Canada, Elfenbeinskysten samt 30 andre land | |
| Normert av: | Académie française | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-1: | fr | |
| ISO 639-2: | fre (B)/fra (T) | |
| ISO 639-3: | fra | |
Fransk er eit romansk språk som vert tala i Frankrike, i Vallonia i Belgia og i Romandie i Sveits og i provinsen Quebec i Canada. Det finst òg ein franskspråkleg minoritet i Italia. Fransk vert òg framleis nytta i mange av dei tidlegare franske koloniane, særleg i Magreb og Vest- og Sentral-Afrika. I mange av desse landa er ikkje fransk offisielt språk, men vert likevel nytta i statsforvaltninga og høgare utdanning. Fransk er eit av dei seks offisielle språka til Dei sameinte nasjonane, og sjølv om engelsk i stort mon har teke over som diplomatspråk, er fransk framleis eit viktig Lingua franca i store delar av verda.

