Rettferdig handel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mange produkt blir marknadsførte som «rettferdige», mellom anna desse boksane med te og kakao. Teboksen til venstre er merka med fairtrade-logoen, kakaoboksen har undertittelen «Frå dyrkarane».

Rettferdig handel («fairtrade») er nemninga på prinsippet om at produsentar av jordbruksvarer (hovudsakleg i den tredje verda) skal få nok pengar for arbeidet dei gjer til å kunne brødfø seg sjølve og familien sin. Mange organisasjonar arbeider for at prinsippa om rettferdig handel skal få gjennomslag i Vesten. I Noreg er den mest kjende merkeordninga Max Havelaar.

Ein viktig del av arbeidet for å få gjennomslag for prinsippa om rettferdig handel er å gje bønder frå den sørlege halvkula betre tilgang til dei store marknadane i Vesten, og heve prisen forbrukarane der er villige til å betale for produkta som kjem frå primærnæringane.

[endre] Toll og subsidiar

Mange organisasjonar som arbeider for rettferdig handel, reknar subidia gjevne til jordbruket i industrijordbruksland som det største trugsmålet mot rettferdig handel i verda. Samstundes vert det ofte argumentert for at u-land er avhengige av å kunne nytte seg av vernetoll for å halde ved like ein lokal marknad der lokale bønder ikkje vert utkonkurrerte av industrijordbruksvarer.

[endre] Les meir

[endre] Bakgrunnsstoff


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk