Kakao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kakaofrukt og bønner.
Kakaopulver. Naturleg farge til høgre og «nederlandsk» behandla pulver til venstre.

Kakao er eit næringsmiddel framstilt av frukta til kakaotreet (Theobroma cacao). Det kan seljast i pulverform, som ein ferdig drikk eller omforma til produkt som sjokolade, bakverk, sausar og anna.

Ordet «kakao» kjem frå tysk Kakao av fransk og spansk cacao[1] som er avleidd frå nahuatlordet cacahuatl.[2]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kakaotreet er ein tropisk plante som stammar frå Sør-Amerika.[3] Det er seinare blitt dyrka i andre delar av Amerika, Asia og Afrika. Dei største produksjonslands i 2004 var Elfenbeinskysten, Ghana, Indonesia, Nigeria, Brasil og Kamerun.[3]

Kakaopulver blir laga ved å mala kakaobønner og skilja ut kakaosmøret.[4][5]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Aztekisk kvinne lagar sjokoladedrikk med skum i. Illustrasjon frå Codex Tudela frå 1500-talet.

Drikken kakao eller varm sjokolade vert laga med kakaopulver og sukker blanda med mjølk eller vatn.[1]

Kakao er ein viktig del i ulike former for sjokolade, med større del kakao i mørk sjokolade og mindre i mjølkesjokolade.

Ingrediensen vert òg brukt i ulike typar bakverk, både i rører og til glasur, til dømes i mange former for sjokoladekake. Han er også viktig i mange typar iskrem.

Særleg i mesoamerikansk matlaging blir kakao brukt til å laga fleire ikkje-søte matrettar og drikkar, som sausen mole og drikken tejate.

Næringsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kakao inneheld mykje antioksidantar i tillegg til alkaloida teobromin og koffein.

Det finst 1,4–2,5 % teobromin i embryoet og 0,3–1 % i skalet til bønna. Koffeininnhaldet er 0,1–0,8 %. Andre bestanddelar er feitt (kakaosmør) 40–56 %, stivelse 7–17 % og proteinar.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kakao» i Nynorskordboka
  2. Ann Bingham; Jeremy Roberts (2010). South and Meso-American Mythology A to Z. Infobase Publishing. s. 19. ISBN 978-1-4381-2958-7. 
  3. 3,0 3,1 3,2
    • «Kakao» (10. desember 2012). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. april 2015.
  4. Molly Stevens. «Sorting Out Chocolate», Fine Cooking Article, taunton.com. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  5. «Cacao Vs. Cocoa: Updating Your Chocolate Vocabulary». http://www.allchocolate.com/understanding/cacao-vs-cocoa/. Henta 2007-11-12.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kakao
Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.