Riddu Násttit
Originaltittel | Riddu Násttit | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Reality | ||
Språk | Samisk, norsk | ||
Kanal | NRK |
Riddu Násttit er ein talentkonkurranse for samisk og kvensk ungdom. Han er blitt arrangert av Riddu Riddu-festivalen og NRK Sámi Rádio med støtte frå Telenor, og send som fjernsynsprogram på NRK. Vinnarane har også fått eit stipend på 25 000 kroner.
Konkurransen blei vunnen av duoen Janne og Mikkel i 2008, Agnete Båtnes i 2009 og Inger Karoline Gaup i 2010.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Åsgeir Johansen, «Jakter på talenter» Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine., framtidinord.no (11.06 2010)
- «Stjernene fra Kautokeino», sagat.no (12.07.2008)