Rigoberta Menchú

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rigoberta Menchú

Rigoberta Menchú Tum (fødd 9. januar 1959) er ein guatemalsk politikar og menneskerettsforkjempar. Ho er maya og har frå sin tidlege ungdom vore aktiv i kampen mot undertrykking av mayaene sin kultur. Denne kampen har ho seinare utvida til å omfatte undertrykte folkeslag i store delar av verda.

Sidan den folkevalde venstreorienterte Arbenz-regjeringa blei styrta av CIA-leidde kuppmakarar i 1954, er om lag 200 000 menneske drepne i landet, dei fleste av militæret og høgre-ekstreme dødsskvadronar. Mange av desse offera var mayaer. Frigjeringsrørsla URNG har i mange år kjempa mot militærstyret.

Dei siste åra har det vore relativt fredeleg i landet etter ein avtale mellom frigjeringsrørsla og styresmaktene. Men dei store sosiale problema er framleis der, og likeins diskrimineringa av mayaene.

Rigoberta Menchú fekk Nobels fredspris i 1992 for si rolle i arbeidet med å få til ein fredsavtale.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.