Venstresida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Når ein snakkar om politikk er Venstresida ei skildring av kva for politisk retning ein person eller eit parti tradisjonelt sett høyrer til. Utanom Venstresida snakkar vi, i tradisjonell politikk, òg om Sentrum og Høgresida.

Nemningar som inneheld ordet venstre blir ofte bruka i samansetningar, som venstreorientert (positiv eller nøytral nemning), venstrevridd (negativt) eller venstreekstrem (svært negativt).

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Den første kjende inndelinga i ei politisk høgre- og venstreside finn vi i det franske parlamentet (etter den franske revolusjonen). Der vart dei mest radikale (dei som t.d. ville innføre allmenn røysterett for menn) plasserte til venstre for talarstolen og dei meir «konservative» (dei som ynskte å bremse den revolusjonære utviklinga) plasserte til høgre for talarstolen. Dette har til dels vore malen for vidare bruken av inndeling i politisk høgre og venstre. Etter at inndelinga i høgre og venstre vart malen i europeisk politikk, dukka òg det meir uklåre uttrykket Sentrum opp.

Kven er Venstresida[endre | endre wikiteksten]

Partia som i europeisk tradisjon vert kategoriserte på venstresida er parti som har sitt opphav i arbeidarrørsla og har (eller har hatt) sosialisme som mål. Ein kan dele kategorien opp i kommunistiske og sosialdemokratiske parti, da desse er dei største og mest kjende retningane på Venstresida opp gjennom historia. Ein tredje underkategori kan vere venstresosialistar og reformkommunistar, som representerer eit tredje standpunkt i høve til utviklinga av dei to historiske hovudretningane.

Dei største partia som tradisjonelt høyrer til venstresida i Noreg er Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt.

Venstresida sine symbol[endre | endre wikiteksten]