Ringerikes Blad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ringerikes Blad er ei norsk dagsavis som blei skipa av Johan Jørgen Krohn i 1845, då med namnet Ringeriges Ugeblad.

Avisa har hovudkontor i Hønefoss og er i dag ein del av A-pressen. Avisa var opphavleg Høgre-orientert, men blei kjøpt av A-pressen i 1997. Dekningsområdet er Ringeriksregionen, samt lokalstoff frå kommunane Ringerike, Hole og Jevnaker. Den kjem ut alle dagar unnateke sundag. Avisselskapet AS Ringerikes Blad eig dotterselskapet Eikerbladet som gir ut avisa med same namn.

Utgjevar er selskapet AS Ringerikes Blad. Ansvarleg redaktør er Tore Roland.

Opplag[endre | endre wikiteksten]

Bekrefta netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:[1]

  • 2006: 12 684
  • 2007: 12 694
  • 2008: 12 764
  • 2009: 12 609
  • 2010: 12 353

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]