Høgre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For den politiske retninga, sjå høgresida. For andre tydingar, sjå høgre (fleirtyding).
Høgre
Partileiar: Erna Solberg
Oppretta: 1884
Ideologi: Konservatisme/liberalisme
Farge: Blå
Hovudkontor:  ?
 ? Oslo
Epost: politikk@hoyre.no
Nettstad: http://www.hoyre.no/
Ordførarar: 61
Kommunestyrerepresentantar: 1553 (2003)
Fylkestingsrepresentantar: 121 (2007)
Stortingsrepresentantar: 38
Medlemstal:  ?
Ungdomsorganisasjon: Unge Høgre
Partiavis: ?
Internasjonal tilknyting: Den internasjonale demokratiske unionen
Europeisk tilknyting: Den europeiske demokratiske unionen
Les òg: Norsk politikk
Norske parti
Norske røystingar

Høgre er eit konservativt/liberalkonservativt parti skipa den 25. august 1884 som De Conservative Foreningers Centralstyre. Partiet erklærer seg sjølv konservativt, og set folkestyret, eigedomsretten, og den personlege fridomen høgt. Ved valet i 2009 var partiet sine hovudsaker ein betre skule, lågare skattar og avgifter, ein friare økonomi, kutt i statlege utgifter og meir pengar til samferdsle.

Leiaren i Høgre er (pr. 2010) Erna Solberg. Partiet har to nestleiarar; Per-Kristian Foss og Jan Tore Sanner.

Etter stortingsvalet i 2001 danna Høgre regjering saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre. Kjell Magne Bondevik (KrF) var statsminister i den andre Bondevik-regjeringa. Etter stortingsvalet 2005 gjekk Bondevik-regjeringa av, og Høgre er no det nest største opposisjonspartiet på Stortinget.

Ungdomsorganisasjonen til Høgre heiter Unge Høgres Landsforbund. Leiaren i Unge Høgre heiter Paul Joakim Sandøy.

Historie[endre | endre wikiteksten]

De Conservative Foreningers Centralstyre vart skipa den 25. august 1884, etter innføringa av parlamentarismen i Noreg. Emil Stang vart vald til fyrste formann i partiet. I 1913 endra det namn til Høgre (Høire).

Oppsluttinga om Høgre har variert mykje. Størst del av røystene hadde Høgre i 1894 då 49,4 % røysta på Høgre. Høgre har aldri hatt reint fleirtal på Stortinget. Høgre gjekk attende i mellomkrigstida, mellom anna av di nye parti kom til. Frå 1945 til 1970 auka oppslutninga om partiet, og skaut fart etter valet i 1973. Valet i 1981, der Høgre fekk 31,7 % oppslutnad var det beste valet sidan 1924. Kåre Willoch stod i spissen for Høgrebølgja i norsk politikk. Ved valet i 1997 fekk Høgre 14,3 % av røystene, det dårlegaste valresultatet til då etter 1945. Partiet gjorde eit godt val i 2001, og kom i regjering saman med Kristeleg Folkeparti og Venstre. Stortingsvalet i 2005 vart eit nytt dårleg val for Høgre, som vart passert av Framstegspartiet og dermed vart berre tredje størst på Stortinget.

Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 18,8 % av røystene.

Stortingsval 1936–2005[endre | endre wikiteksten]

Oppslutninga om Høgre i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2005
Årstal Prosent av røystene
1936 21,3%
1945 17,0%
1949 17,9%¹
1953 18,8%¹
1957 18,9%¹
1961 20,0%¹
1965 21,1%¹
1969 19,6%¹
1973 17,4%¹
1977 24,8%¹
1981 31,7%
1985 30,4%
1989 22,2%
1993 17,0%
1997 14,3%
2001 21,2%
2005 14,1%

¹ Ved desse vala stilte Høgre felleslister med eit eller fleire av partia Kristeleg Folkeparti, Venstre eller Bondepartiet, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet Dei Grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet | Sentrumsalliansen