Ripponbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ripponbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Kemp Land
 - koordinatar 66°40′00″S 56°29′00″E / 66.66667°S 56.48333°E / -66.66667; 56.48333
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Ripponbreen
66°40′00″S 56°29′00″E / 66.6667°S 56.4833°E / -66.6667; 56.4833
Ripponbreen is located in Antarktis
Ripponbreen (Antarktis)

Ripponbreen er ein liten isbre som ligg i Kemp Land i Australsk Antarktis i Aust-Antarktis. Han ligg like aust for Seatonbreen, som flyt sørover og ut i Edward VIII-isen.

Ripponbreen vart kartlagt frå flyfoto tekne av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) i 1956, og kalla opp etter R. Rippon i RAAF, flyskrogmekanikar ved Mawson-stasjonen i 1959.[1][2]

Lik sør for Ripponbreen ligg ein stor dal forma av Robert- og Wilmabreane. Desse to breane, i lag med Seaton- og Ripponbreen, flyt alle ut i King Edwardisen. I vest ligg Napier Mountains, som går nordvest frå Mount Elkins. Lenger vest ligg Tula Mountains, og bakom desse Beaverbreen ut i Amundsen Bay. Dette terrenget påverkar vêrsystema i området og dramatiske endringar kan skje over korte avstandar og korte tidsrom.[3] Fuktige søraustlege luftstraumar skapar skyar nordvest for Seaton- og Ripponbreen som skapar snømyrkre innover frå Rippon Depot.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geographic Names Information System (GNIS) of US Geological Survey: Ripponbreen. Vitja 28. desember 2013.
  2. Gazeteer av Australian Antarctic Data Centre: Ripponbreen. Vitja 28. desember 2013.
  3. 3,0 3,1 John Turner and Steve Pendlebury (2004). «Section 7.6: Enderby Land and Kemp Land». I John Turner and Steve Pendlebury. The International Antarctic Weather Forecasting Detdbook (PDF). Cambridge: British Antarctic Survey. s. 362–364. ISBN 1-85531-221-2. Henta 28. desember 2013. 

«Rippon Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]