Australsk Antarktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Australian Antarctic Territory
Flagget til Australia Riksvåpenet til Australia
Flagg Riksvåpen
Australsk Antarktisk
Status Australsk koloni
Språk Engelsk
Hovudstad Mirnyj (Russland)
Areal 5 896 500 km²
Folkesetnad Under 1000
Valuta Australsk dollar (AUD)

Australsk Antarktis (engelsk Australian Antarctic Territory eller AAT) er ein del av Antarktis. Storbritannia gjorde krav på området og sette det under styret til Australia i 1933. Det er det største kravområdet. Etter at Antarktistraktaten tredde i kraft i 1961, seier paragraf 4 at «Denne avtalen anerkjenner, motstrider eller oppretter ikkje territoriale krav. Det skal heller ikkje fremjast nye krav medan avtalen er i kraft» og dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent kravområda i Antarktis.[1]

Området[endre | endre wikiteksten]

Australsk Antarktis består av alle øyane og landområda sør for 60°S og mellom 45°E og 160°E, utanom Adélie Land (136°E til 142°E), som deler området inn i Vestleg Australsk Antarktis (den største delen) og Austleg Australsk Antarktis. Det grensar til Dronning Maud Land i vest og til Ross Dependency i aust. Arealet er estimert til 5 896 500 km².[2]

Området er busett av besetninga på forskingsstasjonane. Australian Antarctic Division administrerer området hovudsakleg ved å halde tre stasjonar (Mawson, Davis og Casey) opne året rundt for forskjellige forskingsprosjekt.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Territoriet er delt inn i ni distrikt, som frå vest til aust er:

Nr. Distrikt Areal (km²) Vestleg grense Austleg grense
1 Enderby Land 045° E 056°25' E
2 Kemp Land 056°25' E 059°34' E
3 Mac. Robertson Land 059°34' E 072°35' E
4 Princess Elizabeth Land 072°35' E 087°43' E
5 Kaiser Wilhelm II Land 087°43' E 091°54' E
6 Queen Mary Land 091°54' E 100°30' E
7 Wilkes Land 2 600 000 100°30' E 136°11' E
8 George V Land 142°02' E 153°45' E
9 Oates Land 153°45' E 160°00' E

Territoriale farvatn[endre | endre wikiteksten]

Dei territoriale farvatna i Australsk Antarktis er internasjonalt farvatn og strekkjer seg 200 nautiske mil ut frå kysten av Antarktis.

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Aktive og nedlagde stasjonar i territoriet, frå vest til aust:

Stasjon Koordinater Område
Molodyozhnaja (Russland) (stengt) 67°40′S 45°51′E Enderby Land
Mawson (Australia) 67°36′09.7″S 62°52′25.7″E Mac. Robertson Land
Soyuz (Russland) (stengt) 70°35′S 68°47′E Mac. Robertson Land
Druzhnaja (Russland) (stengt) 69°44′S 72°42′E Princess Elizabeth Land (Ingrid Christensen Land)
Zhongshan (Kina) 69°22′S 76°22′E Princess Elizabeth Land
Law-Racoviţă (Romania) 69°23′18.6″S 76°22′46.2″E Princess Elizabeth Land
Progress II (Russland) 69°23′S 76°23′E Princess Elizabeth Land
Davis (Australia) 68°34′35.8″S 77°58′02.6″E Princess Elizabeth Land
Sovetskaja (Russland) (stengt) 77°58′S 89°16′E Wilhelm II Land
Mirnyj (Russland) 66°33′S 93°01′E Queen Mary Land
Komsomolskaja (Russland) (stengt) 74°05′S 97°29′E Queen Mary Land
Vostok (Russland) 78°28′S 106°48′E Wilkes Land
Wilkes (stengt) 66°15′25.6″S 110°31′32.2″E Wilkes Land
Casey (Australia) 66°16′54.5″S 110°31′39.4″E Wilkes Land
Concordia (Dome C) (Frankrike/Italia) 75°06′S 123°23′E Wilkes Land
Leningradskaja (Russland) (stengt) 69°30′S 159°23′E Oates Land

Historie[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia gjorde først krav på Victoria Land den 9. januar 1841 og så på Enderby Land i 1930. I 1933 gjorde ein kongeleg resolusjon at området sør for 60° S og mellom lengdegradane 160° E og 45° E vart overført til Australia.[3]

Grensene til Adélie Land vart fastsett i 1938. I 1947 overførte Storbritannia Heard- og McDonaldøyane til territoriet. Den 13. februar 1954,[4] vart Mawson Station oppretta som den første australske stasjonen på kontinentet.

Anerkjenning av australsk statsvelde[endre | endre wikiteksten]

Australia sitt krav om statsvelde over Australsk Antarktis er anerkjent av Storbritannia, New Zealand, Frankrike og Noreg.[5] Japan anerkjenner ikkje dette kravet,[6] og heller ikkje det australske kravet om territorialfarvatna der japanske skip driv kvalfangst.[7]

Gruvedrift i Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Dei siste 20 åra har Australia vore i ein debatt om ein skal tillate gruvedriftdet mineralrike kontinentet.[8] Fleire forslag har vorte lagt fram, men alle har vorte avslått.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «US National Science Foundation - Office of Polar Programs - The Antarctic Treaty». http://www.nsf.gov/od/opp/antarct/anttrty.jsp. Henta 13. oktober 2012. 
  2. «National recovery plan for Albatrosses and Giant-petrels: Section 4.1.6 Australian Antarctic Territory, Geography». Australian Government, Department of the Environment, Water, Heritage and the Arts. Arkivert frå originalen den 17 August 2008. http://www.environment.gov.au/biodiversity/threatened/publications/recovery/albatross/habitat.html. Henta 13. oktober 2012. 
  3. Antarctic and international law: a collection of inter-state and national documents, Volume 2. s. 143. Author: W. M. Bush. Editor: Oceana Publications, 1982. ISBN 0-379-20321-9, ISBN 978-0-379-20321-9
  4. «A Brief History of Mawson». Australian Government - Australian Arctic Division. Arkivert frå originalen den 27 July 2008. http://www.aad.gov.au/default.asp?casid=7041. Henta 13. oktober 2012. 
  5. «Chapter 6: Antarctic Territories». Parliament of Australia. Arkivert frå originalen den 26 June 2008. http://www.aph.gov.au/house/committee/ncet/communication/report/chapter6.pdf. Henta 13. oktober 2012. 
  6. Steve Irwin Update from Antarktis Sea Shepherd website. Henta 13. oktober 2012
  7. Austili.edu.au
  8. http://www.Antarktis.gov.au/about-Antarktis/fact-files/geologi/mining
  9. http://www.iol.co.za/scitech/science/environment/no-mining-in-Antarktis-say-aussies-1.1066056?ot=inmsa.ArticlePrintPageLayout.ot

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 75°00′S 102°30′E