Robbie McIntosh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robbie McIntosh
Fødd6. mai 1950(1950-05-06)
FødestadDundee
Død23. september 1974 (24 år)
DødsstadLos Angeles
OpphavStorbritannia
Instrumenttrommer
Tilknytte artistarThe Senate Average White Band
Verka somtrommeslagar

Robert Broderick James «Robbie» McIntosh (6. mai 195023. september 1974) var ein skotsk trommeslagar frå Dundee. Han var med på å skipe Average White Band.

Før han var med på å skipe AWB i 1971-72, hadde McIntosh vore medlem av banda The Senate med Alex Ligertwood og The Primitives seint i 1960-åra.

McIntosh døydde av ein heroinoverdose,[1] på ein fest etter ein konsert på Troubadour i Los Angeles. Dette skal ha vore eit uhell og han og bandmedlemmet Alan Gorrie skal ha trudd det var kokain. Gorrie vart redda av Cher som heldt han vaken lenge nok til at han fekk hjelp.[2] Den 30 år gamle millionæren Kenneth Moss, som var vert for festen, vart dømd for mord av ein storjury.[3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Herbie Mann

Med Chuck Berry

Med Rod Stewart

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 272. CN 5585. 
  2. «Cher». Time. 17. mars 1975. Arkivert frå originalen 26. oktober 2012. Henta 8. juli 2017. 
  3. «Whiz Kid Indicted», Deseret News, 21. februar 1975, s. 2A

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]