Robert Schumann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Schumann - Litografi fra 1839

Robert Schumann (8. juni 181029. juli 1856) var ein tysk romantisk komponist. Han var fødd i Zwickau og gift med pianistinna Clara Schumann, som han komponerte fleire verk for.

Tidleg i karrieren var Schumann ein god pianist, men etter ei fingerskade måtte han slutte å spele, og konsentrerte seg då heilt om komposisjon. Han skreiv 250 songar, og mange klaververk, som Arabeske, Papillons, Kreisleriana, Faschingsschwank aus Wien, Carnaval, Abegg Variationen, Kinderszenen, Album für die Jugend og Davidsbündlertänze. For Johannes Brahms var Schumann ei viktig kjelde til inspirasjon.

Schumann fekk etterkvart store mentale problem, og enda livet sitt på ein anstalt for psykisk sjuke som låg i Endenich ved Bonn.