Romsonden Stardust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stardust-bilete av Wild 2
Prøvekapselen like etter landing i Utah-ørkenen.

Stardust er ein interplanetarisk NASA-sonde. Den hadde som hovudmål å samla inn små støvpartiklar frå komaen til kometen 81P/Wild (ber òg namnet Wild 2) under ei nærpassering av kometkjernen. Passeringa skjedde den 2. januar 2004 ved ein avstand på 240 km. [1]

Den 15. januar 2006 returnerte sonden prøvane til jorda i form av ein kapsel som landa i ørkenen i Utah. [2]

Sjølve Stardust-sonden styrte unna jorda og har fått utvida oppdraget sitt til å vitja kometen Tempel 1 som Deep Impact-sonden sendte eit koparprosjektil inn i. Den utvida delen av ferda har fått namnet NExT (New Exploration of Tempel 1) og vil bli den første gongen ein komet har blitt vitja meir enn èin gong. Passeringa skjer den 14. februar i 2011.[3]

På sin veg mot Wild 2 passerte Stardust den 2. november 2002 hovudbelteasteroiden 5535 Annefrank. Sonden tok detaljerte bilete av asteroiden og kunne testa ut observasjonsprogram som skulle brukast under nærpasseringa av Wild 2. Nærpasseringa gav òg ny kunna om sjølve asteroiden.[4]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Romsonden Stardust

Kjelder[endre | endre wikiteksten]