Ronald W. Langacker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ronald Wayne Langacker (fødd 27. desember 1942) er ein amerikansk lingvist fødd i Fond du Lac i Wisconsin. Langacker er best kjend som ein av grunnleggjarane av kognitiv lingvistikk og skaparen av kognitiv grammatikk. Han er professor emeritus ved University of California i San Diego.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Langacker fekk BA-graden i fransk i 1963, MA-graden i lingvistikk i 1964 og Ph.D.-graden i lingvistikk i 1966, alle ved University of Illinois i Urbana-Champaign. Frå 1966 til 2003 var han professor i lingvistikk ved University of California i San Diego. Frå 1997 til 1999 var han president i International Cognitive Linguistics Association. Han har vore med i to doktorgradskomitear ved Universitetet i Oslo, for Tore Nesset (1997) og Bjørghild Kjelsvik (2008).

Viktige publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Langacker har skrive desse bøkene (omsetjingar til andre språk og bøker som han berre er utgjevar for, er ikkje tekne med):

  1. Language and its Structure. New York: Harcourt, Brace, and World. 1968. Second edition: Language and its Structure. New York: Harcourt Brace Jovanovich. 1973.
  2. Fundamentals of Linguistic Analysis. New York: Harcourt Brace Jovanovich. 1972.
  3. Non-Distinct Arguments in Uto-Aztecan. Berkeley and Los Angeles: University of California Press. 1976. University of California Publications in Linguistics 82.
  4. Studies in Uto-Aztecan Grammar, vol. 1, An Overview of Uto-Aztecan Grammar. Dallas: Summer Institute of Linguistics and University of Texas at Arlington. 1977. Publications in Linguistics and Related Fields 56.
  5. Foundations of Cognitive Grammar, vol. 1, Theoretical Prerequisites. Stanford: Stanford University Press. 1987. Paperback edition: 1999.
  6. Concept, Image, and Symbol: The Cognitive Basis of Grammar. Berlin and New York: Mouton de Gruyter. 1990. Cognitive Linguistics Research 1. Paperback edition: 1991. Second edition: 2002.
  7. Foundations of Cognitive Grammar, vol. 2, Descriptive Application. Stanford: Stanford University Press. 1991. Paperback edition: 1999.
  8. Grammar and Conceptualization. Berlin and New York: Mouton de Gruyter. 1999. Cognitive Linguistics Research 14. Paperback edition: 2000.
  9. Ten Lectures on Cognitive Grammar. Beijing: Foreign Language Teaching and Research Press. 2007. Eminent Linguists Lecture Series.
  10. Cognitive Grammar: A Basic Introduction. New York: Oxford University Press. 2008.
  11. Investigations in Cognitive Grammar. Berlin and New York: Mouton de Gruyter. To appear. Cognitive Linguistics Research 42.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]