Kognitiv grammatikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kognitiv grammatikk er den lingvistiske teorien som fyrst blei fullstendig presentert i tobandsverket Foundations of Cognitive Grammar (1987–1991)[1][2] av den amerikanske lingvisten Ronald W. Langacker (1942–). Kognitiv grammatikk er ein variant av kognitiv lingvistikk.

Ronald Langacker sin definisjon av kognitiv grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Ronald W. Langacker karakteriserer i Foundations of Cognitive Grammar (band I, s. 57) ein grammatikk med desse orda:

  • A structured inventory of conventional linguistic units
  • Eit strukturert inventar av konvensjonelle språklege einingar

Nedanfor følgjer nærmare definisjonar og forklaringar på dei ulike delane av denne karakteristikken, som står sentralt i det kognitive synet på kva ein grammatikk er.

Einingar[endre | endre wikiteksten]

Ei eining er ein kognitiv struktur som ein person meistrar så godt at ho/han kan aktivere ho meir eller mindre automatisk, utan at ho/han treng å rette merksemd mot delane. Ei eining er så godt innprenta (engelsk entrenched) at ho kan aktiverast som ein heilskap og prosesserast meir eller mindre automatisk. Ein kan òg kalle eininga for ein kognitiv rutine.
Det er ikkje noko som er særskilt språkleg eller lingvistisk ved ei eining. Når vi til dømes lærer å skrive, må vi øve inn fleire rørsler som i fyrstninga er ganske vanskelege å få til, og vi må konsentrere oss om kvar minste detalj. Etter kvart blir lengre og lengre handlingssekvensar til vanar – sekvensane blir automatiserte, og vi treng ikkje konsentrere oss om kvar vesle del. Merk til dømes kor godt innøvd signaturen vår er. I staden for å lære å skrive kunne vi ha valt til dømes å lære å køyre bil eller å lære å spele piano.

Språklege einingar[endre | endre wikiteksten]

Konvensjonelle språklege einingar[endre | endre wikiteksten]

Eit inventar av konvensjonelle språklege einingar[endre | endre wikiteksten]

Eit strukturert inventar av konvensjonelle språklege einingar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ronald W. Langacker 1987–1991. Foundations of Cognitive Grammar. Vol. I: Theoretical Prerequisites (1987), vol. II: Descriptive Application. (1991). Stanford, Calif. : Stanford University Press.
  2. Ei førebels utgåva av delar av Foundations of Cognitive Grammar blei utgjeven i serien IU Linguistics Club / Indiana University Linguistics Club i 1983.