Ropert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein ropert
Ein elektronisk megafon

Ein ropert eller ein megafon er eit portabelt, ofte handhalde, traktforma apparat til å forsterke eller rette ein person si talerøyst mot eit særskilt mål. Menneskerøysta plar elles spreiast jamnt ut til alle sider, men gjennom ein ropert vert lyden konsentrert mot eit mindre område. På den andre sida vil dei som er noko til sides for der roperten er retta, høyre det som vert sagt dårlegare. Ropertar vert til dømes ofte brukt på idrettstilstellingar, filminnspelingar, demonstrasjonar eller for å styre større folkemengder.

Fordelen med roperten er at brukaren ikkje treng mikrofon og høgtalar for å forsterke lyden, attåt at roperten er lett å bere med seg.

I dag finst det òg batteridrivne ropertar med mikrofon, forsterkar og høgtalar innebygd, men dei opphavlege ropertane hadde ikkje dette.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Megafon», henta frå Wikipedia på svensk 15. januar 2007.