Rosj hodesj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosj hodesj tek til når ein ser nymånen.
Foto: Beth Woodrum

Rosj ḥódesj (hebr. ראש חודש‎, 'hovudet av månaden') er ei mindre jødisk høgtid i byrjinga av kvar månad. Dei jødiske månadane startar ved nymåne, og kan vera 29 eller 30 dagar lange. Der den føregåande månaden har 29 dagar blir den første dagen av neste månad feira som rosj hodesj, men der ein månad har 30 dagar blir både den 30. og den etterfølgjande dagen feira.

Rosj hodesj I blir feira ved byrjinga av nisán, den første månaden i det jødiske året. Dette skjer trass i at det jødiske nyåret rosj hasjana fell i den sjuande månaden tisjré.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]