Rumpetrollgalaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av Rumpetrollgalaksen. Galaksen som forårsaka den spesielle forma til Rumpetrollgalaksen kan sjåast oppe i venstre hjørnet av Rumpetrollgalaksen like bak galaksen sjølv.[1]

Rumpetrollgalaksen (katalogisert som UGC 10214, Arp 188 og PGC 57129) er ein spiralgalakse som ligg rundt 420 millionar lysår unna jorda i det nordlege stjernebiletet Draken. Rumpetrollgalaksen er kjend for den omtrent 280.000 lysår lange halen av stjerner som han dreg etter seg og som er eit resultat av gravitasjonspåverknad under ein nærpassasje av ein annan galakse.[1]

Ein reknar med at halen etter kvart vil forsvinna og at delar av han vil brekka av og danna satellittgalaksar som vil krinsa rundt Rumpetrollgalaksen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]