Ruotsi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ruotsi er på finsk språk namnet på Sverige. Det ordet finsk lånte frå svensk, rōþs- ei form av verbet for å ro. Namnet vart lånt inn i finsk og andre austersøfinske språk av dei svenske vikingane (væringane), som rodde på elver i det seinare Russland. Då festningane til desse vikingane seinare vart russifisert, gjekk namnet over til å tyde russar. Ordet for russar, russisk og Russland er altså lånt inn i russisk (og til resten av verda) frå svensk via austersjøfinsk.

Bøyingsstammen er Ruotsi-, dvs. i-en til slutt vekslar ikkje med -e, genitiv er Ruotsin.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Häkkinen, Kaisa 2004: Nykysuomen etymologinen sanakirja. Juva: WSOY