Ruppert Coast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ruppert Coast (75°45′S 141°0′WKoordinatar: 75°45′S 141°0′W) er den delen av kysten av Marie Byrd Land som ligg mellom Brennan Point og Cape Burks, eller mellom Saunders Coast i vest og Hobbs Coast i aust. Han strekkjer seg frå 146°31'W til 136°50'W. Han vart namngjeven av kontreadmiral Richard Byrd for oberst Jacob Ruppert frå New York, som var med å støtte den andre Byrd-ekspedisjonen (1933-35) økonomisk. Byrd flydde langs denne kysten. US Geological Survey (USGS) kartla heile kysten basert på flyfoto frå U.S. Navy 1959-65.

Den russiske stasjonen Russkaya ligg ved Ruppert Coast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ruppert Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).