Ruslan Ponomarjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruslan Ponomarjov

Ruslan Olehovitsj Ponomarjov (ukrainsk Руслан Олегович Пономарьов, (fødd 11. oktober 1983) i Horlivka er ein ukrainsk sjakkspelar.

Ponomarjov fekk sjakkundervisning av faren frå sjuårsalderen. Han hadde stor framgang, og var eit sjakk-vidunderbarn. Han blei junioreuropamester allereie då han var tolv år gamal. Året etter vann han VM for si aldersklasse. Allereie i 1998 blei han Stormeister i sjakk. Då han hadde klart krava til tittelen var han berre 14 år og 17 dagar gamal, den til då yngste gjennom tidene. Denne rekorden har seinare blitt slått av 5 andre, mellom anna av Magnus Carlsen.

I 2002 vart Ponomarjov FIDE-verdsmeister i sjakk ved å vinne cupturneringa om FIDE-VM i sjakk, berre 18 år gamal. Han vart dermed den yngste verdsmeisteren i sjakk gjennom tidene. Han vann overraskande finalekampen mot landsmannen Vassilij Ivantsjuk.

På denne tida vart det arbeidd med å sameine dei to VM-titlane i sjakk, og det var meininga at Ponomarjov skulle få ein VM-kamp mot Garri Kasparov i 2003. Denne tvikampen vart det aldri noko av. Ponomarjov var FIDE-verdsmeister fram til neste FIDE-VM, i Libya i 2004.

Per september 2009 ligg Ponomarjov på 13. plass på FIDE sin verdensranking, med en rating på 2741.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]