Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Україна
Ukrajina

(norsk: Ukraina, ukrainsk)

Det ukrainske flagget Det ukrainske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Sjtsje ne vmerla Ukrainy ni slava ni volia»
Motto Volia, Zlahoda, Dobro ('Fritt, samla, godt')
Geografisk plassering av Ukraina
Offisielle språk Ukrainsk
Hovudstad Kiev
Styresett
Republikk
Oleksandr Turtsjynov
Arsenij Jatsenjuk
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
603 550 km² (45.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
44 854 065 (29.)
74,3 /km² (92.)
Sjølvstende
Frå Sovjetunionen
24. august 1991
Nasjonaldag 24. august
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
306 300 mill. USD (38.)
6 700 USD (107.)
Valuta Hryvnia (Utt: Grivna)
Ikkje konvertibel
Tidssone UTC +2
Telefonkode +380
Toppnivådomene .ua


Ukraina (ukrainsk Україна, Ukrajina) er eit land i Aust-Europa. Ukraina grensar til Russland i aust og nordaust, Kviterussland i nordvest, Polen, Slovakia og Ungarn i vest, Romania og Moldova i sørvest og Svartehavet og Azovhavet i høvesvis sør og søraust. Det har eit areal på 603 628 km², og er det nest største landet i Europa etter Russland.[1][2][3]

I følgje ein populær og godt etablert teori vart Kievriket i mellomalderen grunnlagd av væringar på 800-talet som den første historisk nedteikna austslaviske. Staten vart oppløyst på 1100-talet. På midten av 1300-talet vart Ukraina underlagt tre forskjellige statar - Den gyldne horden, Storhertugdømet Litauen og Kongedømet Polen.[4] Etter den store nordiske krigen (1700–1721) vart Ukraina delt mellom fleire regionale makter og på 1800-talet vart det meste av Ukraina underlagt Det russiske imperiet, medan resten kom under Austerrike-Ungarn. Ein kaotisk periode med kontinuerleg krigføring følgde, med fleire internasjonalt aksepterte forsøk på sjølvstende frå 1917 til 1921, etter første verdskrigen og den russiske borgarkrigen. Ukraina kom til etter sin eigen borgarkrig, og den 30. desember 1922 vart Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken ein av dei grunnleggande republikkane i Sovjetunionen. Ukrainske SSR vart forstørra vestover under borgarkrigen kort tid før, og etter den andre verdskrigen, og lenger sør i 1954 då Krimhalvøya vart overført til Ukraina. I 1945 vart Ukrainske SSR ein av dei grunnleggande medlemmane av Dei sameinte nasjonane.[5]

Ukraina vart igjen sjølvstendig då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991. Oppløysinga førte til ein overgang til marknadsøkonomi og Ukraina hamna i ein åtte år lang resesjonsperiode.[6] Sidan då betra økonomien seg og bruttonasjonalproduktet auka kraftig. Ukraina vart derimot hardt råka av finanskrisa i 2008 og BNP fall 20 % frå våren 2008 til våren 2009.[7] Landet er framleis ein globalt viktig marknad, og i 2011 var landet den tredje største korneksportøren i verda.[8]

Ukraina er ein einingsstat som består av 24 oblast (provinsar), ein autonom republikk (Krim) og to byar med spesialstatus: Kiev, den største byen og hovudstaden, og Sevastopol, som husar den russiske Svartehavsflåten under ein leigeavtale. Ukraina er ein republikk under eit delvis presidentsystem med fråskild lovgjevande makt, styresmakt og rettsvesen. Etter oppløysinga av Sovjetunionen er Ukraina framleis den nest største militærmakta i Europa, etter Russland. Landet har 46 millionar menneske, 77,8 % etniske ukrainarar og ein stor minoritet russarar (17 %), kviterussarar og rumenarar. Ukrainsk er offisielt språk, men russisk vert òg mykje nytta. Den dominerande religionen i landet er den austleg-ortodokse kyrkja, som har kraftig påverka ukrainsk arkitektur, litteratur og musikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kievriket blei danna på 800-talet av væringane, ei skandinavisk stamme som opphavleg kom frå Sverige. Det blei kristna i 988 av misjonærar frå Bysants. Det blei invadert av mongolar på 1200-talet og blei deretter eit lydrike i Polen-Litauen. Dagens Ukraina var den sørlege delen av dette riket. På 1600-talet gjorde kosakkar frå bondeklassen opprør, men Russland tok over store delar av landet ved slutten av hundreåret.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Ukraina er ein demokratisk republikk der lovgivande, utøvande og dømmande makt er skilde. Presidenten nominerer statsministeren. Parlamentet, Verkhovna Rada, må så stadfeste dette valet.

Etter lausrivinga frå Sovjetunionen i 1991 har politikken i Ukraina fortsatt vore dominert av omfattande statleg/byråkratisk kontroll. Landet er prega av omfattande korrupsjon, noko som staten til nå ikkje har tatt tak i.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Ukrainsk geografi.
Laspibukta
Laspibukta ved svartehavskysten på Krimhalvøya
Ai-Petri
Ai-Petri-toppen ligg 1200 meter over havet

Med eit areal på 603 700 km² og ei kystlinje med 2782 km er Ukraina det 44. største landet. Det er det største landet som ligg heilt innanfor Europa og det nest største landet i Europa når ein tar med Russland, som er det største.

Det ukrainske landskapet består hovudsakleg av frodige sletter (eller stepper) og platå, kryss av elvar Som Dnepr, Donets, Dnstr og Søndre Bug, som alle munnar ut i Svartehavet og det mindre Azovhavet. I sørvest dannar deltaet til Donau grensa mot Romania. Dei forskjellige regionane varierer frå høgland til lågland. Dei einaste fjellområda i landet er Karpatane i vest, med det høgaste fjellet i landet, Hora Hoverla på 2061 meter over havet, og KrimfjellaKrimhalvøya, heilt sør i Ukraina.[9] Det finst òg fleire høgland i vest og på høgresida av Dnepr, i tillegg til langs grensa til Russland i aust.

Dei viktigaste naturressursane til Ukraina inkludert jernmalm, kol, mangan, naturgass, olje, salt, svovel, grafitt, titan, magnesium, kaolin, nikkel, kvikksølv, tømmer og mykje dyrkbar mark. Trass i dette har landet fleire miljøproblem som mangel på drikkevatn, luft- og vassforureining og avskoging, samt radioaktiv forureining i nordaust etter Tsjernobylulukka i 1986.[10]

Regionar[endre | endre wikiteksten]

Ukraina er delt inn i 24 regionar (oblasti, eintal oblast ), 1 autonom republikk (avtonomna respublika ) på Krim, og 2 større byar (mista, eintal misto ) med eigen status, markert med *:

Tsjerkasy, Tsjernihiv, Tsjernivtsi, Dnipropetrovsk, Donetsk, Ivano-Frankivsk, Kharkiv, Kherson, Khmelnytskyj, Kirovohrad, Kiev*, Kiev oblast, republikken Krim, Luhansk, Lviv, Mykolajiv, Odessa, Poltava, Rivne, Sevastopol*, Sumy, Ternopil, Vinnytsia, Volyn, Zakarpattja, Zaporizjzja, Zjytomyr

Klima[endre | endre wikiteksten]

Ukraina har for det meste eit temperert kontinentalklima og temperaturforhold som gjev gode vekstvilkår for korn. Sjølv i Kiev, som ligg heilt i nord, har ein normal maksiumumstemperatur på 22 °C eller høgare gjennom heile sommaren. Ukraina får vanlegvis nok regn- og torebyger om sommaren til at jordbruket får nok vatn, men tørke kan av og til vere eit problem. Sola er sjeldan langt borte om sommaren, og både våren og hausten får ein del sol med færre byger enn på sommarstid. I november set vinteren inn, og snødekket ligg vanlegvis på bakken i månadsvis. Ein kan ha kortare mildvêrsperiodar med temperaturar over 0 °C, men òg kuldeperiodar med temperaturar godt under -20 °C.

Krim, som strekkjer seg ut i Svartehavet i sør, er om lag 5 °C varmare om vinteren, men òg her kan ein ha lange periodar med snø. Sommaren er òg litt varmare her enn i Kiev, og kysten heilt sør, inkludert Jalta, har eit tilnærma middelhavsklima. Her er det meir kjølig enn kaldt om vinteren, men med litt meir nedbør enn resten av Krimhalvøya. Snø er derimot sjeldan. Om sommaren kan vêret vere nokså trykkande, og temperaturane held seg stort sett mellom 20 °C og 27 °C gjennom døgeret.

Dei sørvestlege områda av Ukraina, med blant anna Odessa, ligg i le for Karpatane i vest og har forholdsvis tørre forhold. Vestavinden kan her avløyse den iskalde nordaustlege vinden frå Russland om vinteren, og temperaturane kan variere ein god del frå dag til dag.

Nedbøren avtar generelt fra nord til sør, og er høgast i Karpatane, der han kan kome over 1500 mm per år. Lågaste er nedbøren i låglandet ned mot Svartehavet, der han i gjennomsnitt er under 300 mm per år. Den ukrainske svartehavskysten frys om vinteren, og Ukraina har derfor ikkje permanent isfrie hamner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Global Clinical Trials by Richard Chin, Elsevier, 2011, ISBN 0-12-381537-1 (page 345)
  2. Future of Google Earth by Chandler Evans, BookSurge Publishing, 2008, ISBN 1-4196-8903-7 (page 174)
  3. «Basic facts about Ukraine». Ukrainian consul in NY. http://www.ukrconsul.org/BASIC_FACTS.htm. Henta 8. september 2012. 
  4. «Ukraine :: History – Britannica Online Encyclopedia». Britannica.com. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/612921/Ukraine/214508/History. Henta 8. september 2012. 
  5. «Activities of the Member States – Ukraine». United Nations. http://www.un.org/depts/dhl/unms/ukraine.shtml. Henta 8. september 2012. 
  6. «Macroeconomic Indicators». National Bank of Ukraine. Arkivert frå originalen den October 21, 2007. http://web.archive.org/web/20071021232506/http://bank.gov.ua/Engl/Macro/index.htm. Henta December 16, 2007. 
  7. Inozmi, "Ukraine – macroeconomic economic situation – June 2009" online
  8. «Ukraine becomes world's third biggest grain exporter in 2011 – minister». Blackseagrain.net. http://www.blackseagrain.net/photo/ukraine-becomes-worlds-third-biggest-grain-exporter-in-2011-minister. Henta 8. september 2012. 
  9. «Ukraine – Relief». Encyclopædia Britannica (krev brukar). Arkivert frå originalen den January 15, 2008. http://web.archive.org/web/20080115052701/http://www.britannica.com/eb/article-30093/Ukraine. Henta December 27, 2007. 
  10. Environment suffers from lack of recycling, Kyiv Post (December 9, 2011)