Russkijøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 42°59′59″N 131°49′58″E

For øya med same namn i Karahavet, sjå Russkijøya i Karahavet.
Russkijøya

Russkijøya (russisk остров Русский, 'Den russiske øya') er ei øy i Peter den store-bukta utanfor Vladivostok i Russland. Aust-Bosporus skil øya frå Muravjov Amurskij-halvøya.

I 1889 dannar Russkijøya ein del av forsvarsverket til festningsbyen Vladivostok. Gjennom fleire hundreår vart dei opphavlege trestrukturane erstatta av stein og på øya stod Fort Pospelov, som ein del av planane til oberst K. I. Velitsjko.

I 1992 svelt fire soldatar på den isolerte øya i hel og fleire andre soldatar vart send til sjukehus på grunn av hunger. Kommandørane deira hadde ikkje send dei mat på fleire månader og saka vart ein nasjonal skandale.[1]

I 2007 vart det rapportert at president Vladimir Putin utvikla planar om å gjere øya om til ein stor feriestad. Dette var som eit svar på den betre økonomien til Kina og frykt for eit mogeleg kinesisk økonomisk hegemoni.

Øya må ikkje forvekslast med Russkijøya i Nordenskiöldøyane i Karahavet.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • Sørvest for Russkijøya ligg det fleire øyar. Popova er 7 km lang og 4,3 km brei, Rejneke er 3,4 km lang og Rikorda er 4,1 km lang og mindre enn 2 km brei. Det ligg i tillegg mange mindre øyar nær desse.
  • Jevgenijøyane (42°47′S 131°30′E) er ei lita øygruppe som ligg 40 km lenger sørvest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]