Rustfritt stål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nokre røyr laga av rustfritt stål.

Rustfritt stål er stål som er legert med minst 12% krom. Stålet får då ei hinna av kromoksid som vernar stålet mot korrosjon. Heilt rustfritt vert stålet aldri, i tydinga at det ikkje rustar, men det vert mykje meir motstandsdyktig mot rust.

Stål som vert utsett for store kjemiske påverknader, til dømes fordi det er nær saltvatn, vert gjerne legert med større mengder krom, i tillegg til andre legeringsstoff som nikkel og molybden. Stål som er legert med krom, nikkel og molybden, vert kalla syrefast stål.

Spire Denne teknologiartikkelen som har med kjemi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.