Rydal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koordinatar: Rydal er ein svensk tettstad i Marks kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 405 innbyggjarar. Rydal ligg cirka sju kilometer nord for Kinna.
Rydal ligg ved elva Viskan. Her bygde den svenske industrimannen Sven Erikson i 1853 eit mekanisert bomullsspinneri, som framleis er i funksjon. I 1913 hadde det ca. 200 tilsette. Her bygde ein òg det første vasskraftverket i Sverige. Det blei sett i drift i 1882 og produserte elektrisitet til lampane i spinneriet. Staden har eit godt bevart fabrikkmiljø, og blir rekna som eit minnesmerke over gjennombrotet til industrialismen i Sverige.
Rydals Museum viser mellom anna levevilkåra for tekstilarbeidarane i svunne tider.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rydal» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Nordisk familjbok, side 702 og 703 (artikkelen om Rydal).