Ryensteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ryensteinen er ein runestein frå garden Ryen i Tveit i Kristiansand kommune i Vest-Agder.

Steinen er første gong nemnt i eit brev til Selskabet for Norges Vel frå Nicolay Wergeland i 1811, han hadde då rett nok ikkje sett den med eigne auge. I 1862 meldte Nicolay Nicolaysen at steinen var slegen sund for å mura opp ein skorstein på garden. I 1868 vart muren riven, fragmenta av steinen tekne ut og sende til Universitetets Oldsaksamling. I dag er dei magasinert ved Kulturhistorisk museum. Innskrifta er fragmentarisk, men det som kan lesast er:

... i n k u n a r : r a i s t i : s t a i n : þ a n a b r u þ u r s i n

På norrønt vert det: ...ein Gunnarr reisti stein þenna (at) bróđur sin

Og på moderne norsk: « ...ein Gunnar reiste denne steinen til bror sin»

Innskrifta er gjort med såkalte «man-jærske runar» og vert datert til siste halvdel av 900-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Olsen: Norges innskrifter med de yngre runer, bd. III, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Oslo 1954 s. 68 - 73.
  • Ryensteinen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren