Ryggsøyle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryggsøyla (frå latin columna, 'søyle'), ryggraden eller ryggbeinet er bygd av små enkeltknoklar kalla virvlar. Ryggsøyla er kjenneteiknet på ryggbeinsdyra. Talet på ryggvirvlar varierer frå art til art. Kvar virvel er bygd opp av ei massiv, nesten sylinderforma beinblokk. Ho er flat på over- og undersida, der ho ligg mot ei bruskskive. Fordi søylene har mange virvlar og ikkje berre éin stiv knokkel gjev ryggsøyla stor rørslefridom.
Ryggsøyla i menneske [endre]
Ryggsøyla er mellom anna halden opp av ryggmuskelen m. erector spinae.
Menneske har normalt 33-34 virvlar:
- 7 halsvirvlar (cervicalcolumna)
- 12 brystvirvlar (thoracalcolumna)
- 5 lende/bukvirvlar (lumbalcolumna)
- 5 krossbeins/krossvivlar (sacrum)
- 4-5 halevirvlar (coccyx)