Musculus erector spinae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Musculus erector spinae
Gray389.png
Dei djupe ryggmusklane. Ein ser m. erector spinae nedst til høgre.
Norsk namn Den store ryggstrekkjaren
Gray's subject #115 4397
Utspring Felles utspring: Krossbeinet, tarmbeinet og lenderyggtagganeryggsøyla, processi spinosi lumbales.
Feste    Lende-, bryst- og halsryggvirvlane og ribbeina.
Arterie a. sacralis lateralis
Nerve Dorsalgreinene av spinalnervane.
Rørsle Ekstenderer ryggsøyla.
Antagonist M. rectus abdominis.

Musculus erector spinae (frå latin, erector - «oppreisar», spinae - «som høyrer til ryggtaggane»), på norsk òg kalla den store ryggstrekkjaren, er ei gruppe av musklar som har som oppgåve å strekkje ryggsøyla, columna. Musklane ligg parvis på kvar si side av ryggsøyla og går vertikalt nedover ryggen. Han er rekna som dei inste ryggmusklane sidan han ligg heilt inn mot ribbeina og ryggsøyla.

Anatomi[endre | endre wikiteksten]

M. erector spinae kan igjen bli delt inn i tre muskelgrupper. Lengst lateralt ligg m. iliocostalis, meir medialt er m. longissimus og heilt medialt finn vi m. spinalis. Desse undergruppene kan enno ein gong bli delt inn i ulike musklar etter om dei er i hals-, bryst-, lende- eller krossryggregionen.

Han er tjukk og brei i lumbarregionen som deler seg opp i tre søyler på kvar side og blir då tynnare. Han har eit felles utspring frå krossbeinet, tarmbeinet og lenderyggtagganeryggsøyla, processi spinosi lumbales, og festar på mange strukturar i ryggsøyla og ribbeina.[1]

For fleire detaljar, sjå artiklane om dei særskilde musklane.

Muskelgruppa ligg godt beskytta i ryggveggen. I lumbar- og torakalregionen er han dekt av ein tjukk aponevrose kalla fascia thoracolumbalis, og i cervikalregionen av ligamentum nuchae. Mellom desse to seneblada ligg skulderblada, mm. rhomboidei major et minor og m. trapezius ytst.

Innervasjon[endre | endre wikiteksten]

Han er innervert av dorsalgreinene av spinalnervane frå ryggmergsegmenta som svarer til det myotomet som høyrer til den spesifikke muskelen.

Rørsle[endre | endre wikiteksten]

Muskelen har som hovudfunksjon å strekkje ut ryggen. Om berre ei side trekkjer seg saman, vil det gi ein bøyg til den sida som trekte seg saman. Ved stabilisering av overkroppen vil kan òg kunne heve bekkenet.

Sjukdom og opptrening[endre | endre wikiteksten]

God muskelkraft i m. erector spinae er viktig for ikkje å få ondt i ryggen. Ved Scheuermanns sjukdom som er ei liding kor ryggvirvlane veks ujamt anteriort og posteriort og dannar kileforma virvlar som kan utvikle pukkelrygg, så er det særs viktig å trene desse musklane for å ikkje få ein rygg som får unaudsynleg store belastingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Feneis, Heinz: Anatomisk billedordbog, Munksgaard Danmark, 2011, 3. utgåva (dansk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]