Sørøysund kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sørøysund kommune er ein tidlegare kommune i Finnmark, som no er ein del av Hammerfest kommune. Hammerfest by og landdistrikt blei i 1852 delt opp i Hammerfest by og Hammerfest landdistrikt. 1. juli 1869 blei Hammerfest landdistrikt delt opp i Sørøysund og Kvalsund kommunar. 1. januar 1992 blei Sørøysund kommune slått saman med Hammerfest kommune. Sørøysund kommune omslutta Hammerfest fullstendig, og kommuneadministrasjonen låg i Hammerfest.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Sørøysund kommune frå 1920 til 1991:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3]
1679a 1955a 2061a 2075a 2231a 2230 2211 2341
a Dette talet omfattar eit område som vart overført frå Sørøysund til Hammerfest kommune i 1963. Dette området hadde då 33 innbyggjarar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Folkemengd i Sørøysund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå