Hammerfest kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hammerfest kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Adm.senter Hammerfest
Areal 2 693 km²
 - land 2 566 km²
 - vatn 127 km²
Folketal 11 338  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Terje Rogde (H)
Kommunenr. 5603
Kart
Hammerfest kommune
70°39′48″ N 23°40′40″ E
Wikimedia Commons: Hammerfest
Nettstad: www.hammerfest.kommune.no

Hammerfest (nordsamisk Hámmerfeastta suohkan, kvensk Hammerfesti komuuni) er ein kyst- og øykommune på vestkysten av Finnmark fylke. Kommunen omfattar øyane Kvaløya, Seiland og Sørøya og Porsangerhalvøya på fastlandet. Han grensar til Måsøy kommune i nordaust, Porsanger i aust, Alta i sør og Hasvik i vest. Byen Hammerfest ligg på Kvaløya, som er forbunde med bru til fastlandet. Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar, på 70°40' nordleg breidde. Andre tettstadar i kommunen er mellom anna Kvalsund, Rypefjord, Forsøl, Akkarfjord, Hønseby, Hellefjord, Kårhamn, Skarvfjordhamn og Sandøybotn.

Sjølv om han ligg langt nord for polarsirkelen, har byen ei isfri hamn. Hammerfest har tradisjonelt vore eit senter for fiskeri, handel, kommunikasjonar og offentlege tenester i Vest-Finnmark. I dag er byen også sterkt prega av utbygginga av Snøhvitfeltet, sidan gassen frå feltet skal førast i land og skipast ut i ein LNG-terminal på Melkøya utanfor byen. I 2005 kom Hammerfest på UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste målepunktet i Struves meridianboge.

Historie[endre | endre wikiteksten]

  • 1684: Hammerfest fekk kyrkje og prest. Folketalet låg på rundt 60 personar.
  • 1764: Innbyggjarane i byen mista handelsretten sin etter befaling av kong Frederik V av Danmark. Dette førte til at Russland byrja å sende skip med korn til Hammerfest, den såkalla Pomorhandelen.
  • 17. juli 1789: Hammerfest fekk bystatus.
  • 1809: Byen blei plyndra av to engelske fregattar under Napoleonskrigen. Etter dette blei det bygd ein skanse på Fuglenes.
  • 1856: Byen blei øydelagd av ein særs kraftig orkan. Ei internasjonal innsamling skaffar pengar til å byggje byen opp att.
  • 1859: Det første fyret i Finnmark blei bygd på Fuglenes. Byen fekk den første reguleringsplanen sin.
  • 1868: Det første vassverket i Hammerfest blei bygd.
  • 1870: Oppføring av ein telegrafstasjon som blei brukt av heile Finnmark.
  • 1890: Ein bybrann la 2/3 av byen i oske. Under gjenoppbygginga fekk Hammerfest eit kommunalt elektrisitetsverk og blei i 1891 den første byen i nord-Europa som fekk elektrisk gatelys.
  • 1944: Innbyggjarane blei tvangsevakuert av den tyske okkupasjonsmakta, og byen blei systematisk brent og øydelagt. Berre det vesle gravkapellet frå 1939 blei ståande att.
  • 1950-talet: Hammerfest blei bygd opp att etter ein heilt ny reguleringsplan. Fiskeribedrifta Findus var blant dei mest moderne i Europa, med nymotens fryseteknikk som tillét eksport av fisk i stor skala.
  • 1980: Barentshavet blei opna for leiteboring etter olje og gass. Hammerfest blei base for supplyskip og helikopter.
  • 1992: Hammerfest blei slått saman med nabokommunen Sørøysund.
  • 2002: Statoil starta bygginga av ein LNG-terminal på Melkøya for å ta imot gass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet.
  • 2020: Kvalsund kommune var slege saman med Hammerfest kommune

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Hammerfest kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3][4] 1.1.1961[3][4] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
5015 5604 5599 6187 8088 9366 9656 9250 9166 9724

Tettstader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

  • Hammerfest - 7 882 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Rypefjord - 1 802 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Kvalsund - 288 innbyggjarar per 1. januar 2017

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Hammerfest i kulturen[endre | endre wikiteksten]

«Hammerfest» er namnet på ein romstasjon i romanen A Deepness In the Sky av Vernor Vinge.

Folk frå Hammerfest[endre | endre wikiteksten]

  • Sissel Rønbeck, politikar som har vore statsråd i tre periodar mellom 1979 og 1997
  • Bodil Niska, jazzmusikar, voks opp i Hammerfest men fødd i Vadsø

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Hammerfest 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Sørøysund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]