Sørbøvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sørbøvåg er ei lita bygd i Hyllestad kommune, ytst i Sognefjorden. Den einaste aktive biljardklubben i Sogn og Fjordane, Hyllestad Biljarklubb, er heimehøyrande i Sørbøvåg. Klubben har fostra medaljevinnarar i Noregsmeisterskap, såvel som i Europameisterskap. Dei mest kjende internasjonalt er trekløveret Rudi, Tommy og Steffen Wolff, med kongepokal til Tommy Wolff i 2008 som beste plassering. Andre lokale personar som også har vore innom landslaget er Iselin Herland, Rune Giil, Olav Gravdal, Asgeir Skivenes, Jan Erik Hatlem og Øystein Rønneset. Eiklund alders- og pleieheim, Øn kyrkje og Vonheim bygdehus ligg også i Sørbøvåg.