Hyllestad kommune
| Hyllestad kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1413 |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Adm.senter | Hyllestad |
| Areal | 259 km² |
| Folketal | 1 508 (1. jan 2011) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Jan Olav Gjerde (Ap) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.hyllestad.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Hyllestad kommune på Commons | |
Hyllestad er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Hyllestad ligg innom Solund kommune på nordsida av Sognefjorden.
Innhaldsliste |
[endre] Kjennemerke
Hyllestad har den siste tida vorte kjent for kvernsteinproduksjon, ein industri som var i drift i nesten 1000 år. Kvernsteinsproduksjonen vert for tida granska av folk frå Universitetet i Bergen.
Lihesten, eit landemerke på vestlandskysten er det høgaste fjellet i kommunen
[endre] Næringsliv
Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlag for størsteparten av sysselsettjinga i Hyllestad. Hjørnesteinsverksemda er båtverftet Havyard Leirvik.
[endre] Kommunesoge
Hyllestad kommune vart skipa den 1. juli 1861 ved at Hyllestad og Øn sokn vart skilde ut frå Askvoll kommune og slegne saman med Bø sokn frå Lavik kommune.[2] Ved skipinga budde det 2475 personar i Hyllestad kommune.[3] I 1888 vart garden Krakken med 17 innbyggjarar overførd frå Hyllestad kommune til Solund kommune.[4]
[endre] Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Hyllestad kommune frå 1920:
| 1.12.1920[5] | 1.12.1930[6] | 3.12.1946[6] | 1.1.1951[7] | 1.1.1961[7] | 1.1.1971[7] | 1.1.1981[7] | 1.1.1991[7] | 1.1.2001[7] | 1.1.2010[7] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 2278 | 2148 | 2234 | 2151 | 1946 | 1800 | 1788 | 1722 | 1558 | 1502 |
[endre] Hyllestad sokn og prestegjeld
Hyllestad er eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti, og det var til 2004 eit prestegjeld. Prestetenesta i Hyllestad vert no leia av prosten i Ytre Sogn prosti, og prestegjeldet er nedlagt. Prestegjeldet vart danna i 1861 av sokna Hyllestad og Øn som vart overførde frå Askvoll prestegjeld og Bø som vart overførd frå Lavik prestegjeld.[8] Fram til 2001 var det tre sokn i Hyllestad prestegjeld, Bø sokn, Hyllestad sokn og Øn sokn, men då vart dei tre slegne saman til eitt felles Hyllestad sokn.[9] Det er tre kyrkjer i soknet; Bø kyrkje frå 1868 på Bø ved Bøfjorden, Hyllestad kyrkje frå 1880 i Hyllestad ved Hyllestadfjorden og Øn kyrkje frå 1958 på Sørbøvåg på nordsida av Åfjorden.
[endre] Kjelder
- Kommunefakta Sogn og Fjordane (Statistisk Sentralbyrå)
- Hyllestad i NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon
- Kvernsteingsbygda, NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon
[endre] Referansar
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ «Kommunehistoria i Hyllestad» på nettstaden til NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 53
- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Folkemengd i Hyllestad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Øn kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
| Kommunar i Sogn og Fjordane | ||
|---|---|---|
| Sogn | Aurland · Balestrand · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Leikanger · Luster · Lærdal · Sogndal · Solund · Vik · Årdal | |
| Sunnfjord | Askvoll · Bremanger · Fjaler · Flora · Førde · Gaular · Jølster · Naustdal | |
| Nordfjord | Bremanger · Eid · Gloppen · Hornindal · Selje · Stryn · Vågsøy | |
|
|
|---|
| Arnafjord · Balestrand · Bjordal og Ortnevik · Brekke · Feios · Fresvik · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Kyrkjebø · Lavik · Mjømna · Solund · Vangsnes · Vik |